Kulinariske opplevingar og spennande aktivitetar i Sjodalen:

Ti dagar lang festival i reinens rike

Det er duka for ti dagar med festival der lokale reinsdyr har hovudrolla.

Reinsdyrfestival: Den lokale reinen har hovudrolla under Jotunheimen Reinsdyrfestival i Sjodalen, der kulinariske opplevingar og spennande aktivitetar står på programmet.   Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

Kurs: Kjøkensjef Bjørn Ekerbakke på Bessheim syner måter å utnytte reinsdyrkjøtet på når han har parteringskurs under festivalen.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Sjodalen i Vågå blir fylt opp med rein mat, rein oppleving, rein turglede, og mat- og musikkfesten Rock ’n’ rein frå i dag, fredag. I heile ti dagar har reinen hovudrolla under Jotunheimen Reinsdyrfestival.

Torsdag tjuvstarta Hindsæter festivalen med opning av Jutulskinn si utstilling med produkt og kunstverk av mellom anna reinskinn. På Hindsæter blir det elles mellom anna konsert, og ølsmaking i ølkjellaren gjennom festivalen som varar ut neste veke.

Jotunheimen Reinsdyrfestival har eit svært innhaldsrikt program med spennande aktivitetar, turar og opplevingar. På programmet står mellom anna sjørøvarcruise med Gjendebåten for barn, kurs om fjellaure, parteringskurs som syner måtar å utnytte reinsdyrkjøtet på, ljosbildeforedrag med reinsdyrgjetarar, hesteriding og fjellfesten Rock ’n’ Rein ved Gjende, der mellom andre Baksia skal spela.

Gjendebåten går dessutan kvar dag under festivalen, til eventyrlege natur- og turmål.

Utstilling: Jutulskinn har utstilling på Hindsæter, der Roni Öhman og Sofie Kleppe viser fram produkt og kunstverk av mellom anna reinskinn.   Foto: Privat