Kraftselskapet i Skjåk reduserer nettleiga frå 1. oktober :

– Ei gladmelding frå Skjåk Energi

Glasopor sitt høge straumforbruk har ein del av æra for at straumen frå neste månad blir billigare for skjåkværane.

Reduserte kostnader: Kraftselskapet Skjåk Energi reduserer nettleiga frå neste månad. Det fører til at Glasopor, som er kraftselskapet sin største kunde, vil få ein halv million kroner i auka konkurransekraft. – Dette er pengar vi kan kaste inn og bruke i firmaet, seier fabrikksjef Svein Gudbrand Lund (t.h.), her saman med elverksjef i Skjåk Energi, Lars-Egar Haugen.  Foto: Tom Erik Solstad

Vi i Glasopor er glade for at våre kilowattimar på nettet bidreg til nedgangen i prisen på nettleiga. Dette er i klartekst billigare straumrekning for alle i Skjåk.

Svein Gudbrand Lund
Nyheiter

Glasopor AS er i dag den største straumkunden til Skjåk Energi. Fabrikken i Bismo står for heile 20 prosent av all straum som blir levert av kraftselskapet. Årleg brukar Glasopor AS 10 gigawattimar, som tilsvarar forbruket til 500 husstandar.