Vart opna att torsdag morgon

Sognefjellsvegen vart opna att torsdag morgon, etter å ha vore stengt i to veker på grunn av ras.

Ope: Sognefjellsvegen vart opna att torsdag morgon. Torsdag ettermiddag var det snøføre.  Foto: Statens vegvesen

Nyheiter

Oppryddinga etter raset som gjekk ved Bøvertonvatnet den 14. september har gått raskare enn ein rekna med, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding torsdag.

Fylkesveg 55 Sognefjellsvegen vart opna att torsdag morgon, men det har kome snø på Sognefjellet og vegvesenet ber trafikantane om å køyre med vinterdekk.

– Driftsentreprenøren Mesta AS har vore raske og effektive med å rydde bort store steinblokkar, utføre reparasjonar på vegen og setje opp nytt rekkverk. Vi kunne difor opne vegen relativt raskt etter at helikopteret var ferdig med arbeidet i terrenget over vegen, seier fungerande seksjonsleiar i Statens vegvesen, Marthe Tøsse Løvseth.

Det tok tid å kome i gang med opprydding etter raset, fordi Statens vegvesen måtte bruke helikopter til å fjerne lause steinar i fjellsida før det vart trygt å byrje med opprydding og reparasjon av vegen. Uvêr i fjellet gjorde at dette måtte utsetjast i fleire dagar.

Det er ikkje berre over Sognefjellet det er snø torsdag. Vegtrafikksentralen Øst opplyser torsdag ettermiddag at snøen også har lagt seg på Fv51 over Valdresflye, og at alle som skal køyre over fjellet må bruke vinterdekk.