På Skjåkheimen serverer dei mat - skikkeleg mat

Medan store kommunar får «fabrikkar» til å lage mat til sjukeheimar og dei eldre, blir maten laga frå grunnen av på Skjåkheimen.

Vel bekome: Kjøkensjef Eva Kristin Kvandalsvoll Bøye med dagens rett: Potetklubb, steikt flesk, primsaus og kålrot. Laga frå botnen av.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Tre kokkar og ein lærling er i sving på kjøkenet på Skjåkheimen. Det er klart for tillaging av dagens middag.

– I dag står potetklubb med steikt flesk, primsaus og kålrot på menyen, seier kjøkensjef Eva Kristin Kvandalsvoll Bøye. – Til dessert skal vi servere surmjølksfromasj med stikkelsbærkompott. Til eftaskaffen serverer vi fersk eplekake, det er trass alt den nasjonale epledagen i dag, smiler kjøkensjefen.