Lastebil av vegen

Natt til torsdag køyrde ein lastebil av vegen på riksveg 15, aust for Randen.

Hjulaksling: Ein hjulaksling stod att på busslomma ved Ringneset etter at ein lastebil køyrde av vegen aust for Randen på riksveg 15 natt til torsdag.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det var klokka 01.50 at politiet meldte på Twitter at ein lastebil hadde køyrd av vegen på riksveg 15.

Utforkøyringa skjedde ein kilometer aust for Randen, ved Ringneset.

Lastebilen var i morgontimane torsdag fjerna, men akslingen med framhjula stod att på busslomma.

I følgje politiet var det ein person involvert i ulykka.  Vedkommande vart teken med til legevakta på Otta.