Elgoksen datt i Randsverk

Andre dagen i elgjakta felte Ivar Vassdokken sin elg nummer 79.

Felte elgokse: Jaktlaget felte elgoksen andre dagen i årets jakt. Frå venstre står Jermund Vassdokken, Viggo Resset, Per Ove Røe, Rolf Vassdokken, Finn Vassdokken og Erik Tofte. Skyttar Ivar Vassdokken på kne ved elgoksen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Jaktlaget til Jermund Vassdokken er eitt av åtte lag som jaktar elg i Langmorkje Almenning.

Dei har jakt i Rindhovdafeltet og har ei kvote på fem elgar.

– Det er mykje elg i området. Vi såg ni elg og fire hjort fyrste dagen i jakta, fortel Finn Vassdokken.

Onsdag, andre dagen i jakta, felte laget sin fyrste elg.

Det var eldstemann på laget, Ivar Vassdokken (85), som felte elgoksen. Han kunne dermed bokføre elg nummer 79.

Fjuken oppfordrar andre jaktlag til å sende oss bilder av storoksen. Send til redaksjon@fjuken.no