Trefall på line - straumbrot i Skjåk

Eit trefall på lina er årsaka til at det onsdag ettermiddag var straumbrot i Bismo og delar av Lundagrenda.

Straumbrot: 20 nettstasjonar i Skjåk datt ut etter eit trefall på lina onsdag ettermiddag.  Foto: Arkiv/ Illustrasjon

Nyheiter

Overordna vakt i Skjåk Energi, Ole Martin Bårdseng, fortalde til Fjuken ved 16.30-tida at det har vore trefall i Lundagrenda.

Dette førte til at heile 20 nettstasjonar datt ut, og bebuarar både i Bismo og delar av Lundagrenda vart utan straum.

– 13 stasjonar er nå oppe att, og dei resterande sju stasjonane vil vera i gang att ganske snart. Innan ein halvtimes tid kan alle forvente å ha fått straumen attende, sa Bårdseng klokka 16.40.