Sognefjellsvegen blir ikkje opna i dag likevel

Fylkesveg 55 Sognefjellsvegen blir ikkje opna i dag. På grunn av uver i fjellet må vegen haldast stengt.

Framleis stengt: Fylkesveg 55 Sognefjellsvegen blir framleis stengt. Nå på grunn av uver.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Opprydding: Oppryddinga etter raset som gjekk den 14. september blir ferdig onsdag.   Foto: Mesta

Nyheiter

Det er Statens vegvesen som melder dette i ei pressemelding nå onsdag.

Oppryddinga etter raset som gikk ved Bøvertunsvatnet den 14. september blir ferdig i dag, men på grunn av uver i fjellet, må vegen likevel haldast stengt.

Statens vegvesen måtte bruke helikopter for å få ned steinar og lausmasse før det vart mogleg å rydde etter to ras som gikk ved vegen i førre veke. På grunn av sterk vind tok det fleire dagar før arbeidet med helikopter kunne gjerast. Sognefjellsvegen har derfor vore stengt på strekninga mellom Krossbu og Rustadseter sidan 14. september.

– Driftsentreprenøren blir ferdig med å rydde opp og reparere vegen i dag, seier fungerande seksjonsleiar i Statens vegvesen, Marthe Tøsse Løvseth.

– Men vermeldinga varsler uver i fjellet det komande døgnet, og vegen blir derfor ikkje opna for trafikk i dag. Det er vanskeleg å seie når veret gjer det mogleg å opne vegen, seier Tøsse Løvseth.

Statens vegvesen ber trafikantane å følgje med på trafikkmeldinger på Vegvesenet si nettside, på Twitter eller på telefon 175.