Rv 15 stengt ved Grotli

Riksveg 15 er stengt mellom aust og vest grunna ras i Oppstryn.

Opljostunnelen: Skjermdump frå vegvesenets kamera i Breidalen onsdag kl 10. 

Nyheiter

Ras på vestsida:

Riksveg 15 stengt

Natt til onsdag vart ein bil teken av stein- og jordras ved Fosnes i Oppstryn.

 

Statens vegvesen opplyser at riksveg 15 er stengt grunna to ras, det eine i Stryn - det andre ved Langvatnet i Breidalen.

I fylgje Fjuken sine kjelder har det ikkje gått ras ved Langvatnet, men riksvegen er stengt like vest for Grotli på grunn av raset ved Strynsvatnet.

Det er altså onsdag føremiddag mogleg å ta seg til Grotli.