Riksveg 15 open att

Like før høgst dag onsdag vart vegen mellom Skjåk og Stryn opna att.

Opna: Fleire bilar venta ved bommen vest for Grotli for å koma seg over fjellet.  Foto: Anna Aaboen Bruland

Nyheiter

Vegen hadde i nokre timar vore stengt frå aust ved Grotli på grunn av eit ras ved Fosnes i Stryn.

Geolog og mannskap frå vegvesenet har vurdert det til at faren er over, og vegen er nå open att.