Sjå skadane:

Omfattande bilhærverk i Lom

Tidleg tysdag kveld vart Heidi Skaansar overraska av bråk utanfor verkstaden i Øyom i Lom.
Nyheiter

– Det small skikkeleg utanfor her, og da eg gjekk ut såg eg to mindreårige som dengde laus på fleire bilar som stod utanfor verkstaden, fortel Skaansar hjå Steinar Skaansar & Sønn AS.

– Det var rett og slett fortvilande å sjå kva dei hadde gjort. Rutene på fleire bilar er smadra og det er snakk om store skadar. Vi har ikkje oversyn over dette ennå, seier Skaansar til Fjuken onsdag føremiddag.