Kari mista carporten i vinden

– Heile huset rista. Det er stygge krefter!

Mista carporten: Kari Brustugun i Skjåk fekk merke dei sterke vindkasta tysdag kveld. Ho mista carporten sin.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Kari Brustugun i Skjåk. Tysdag kveld vart ho ein carport fattigare, etter at dei sterke vindkasta ved 22-tida tok tak i, og bretta taket på carporten hennar. Takkonstruksjonen landa på hustaket.