Har du ikkje tid, eller vil du helst sleppe å laga maten sjølv?

Kristin fiksar biffen

– Eg håpar at eg etter kvart kan leva av dette.

Din kokk? Kristin Gjerdet Langlais i Skjåk er fagutdanna kokk, og har starta firmaet «Langlais - din kokk». Ho leiger seg ut på timebasis, både til private og bedrifter. Kristin håpar at ho etter kvart kan leva av denne jobben.   Foto: Ida Rusten

Nyheiter

Det seier Kristin Gjerdet Langlais i Skjåk. Ho er utdanna kokk. Etter at skjåkjenta tok fagbrevet i 2010, har ho jobba som kjøkensjef, ferskvaremedarbeidar og kokk på ulike plassar. Nå ville ho prøve noko nytt, og fortel om enkeltpersonforetaket «Langlais - din kokk» som ho nå har stifta, og dei spennande planane sine.

– Planen min er rett og slett å leige meg ut til både bedrifter og private. Er det til dømes ei bedrift som skal ha eit arrangement, kan eg leigast inn for å laga mat. Eller er det ein veninnegjeng som skal ha ei sosial samling heime ein kveld, men som ikkje ynskjer jobben med å stelle til maten, så kan eg kome heim og kokke, seier Kristin Gjerdet Langlais.