Fylkesveg 55 Sognefjellet opnar onsdag

Arbeidet med å rydde fylkesveg 55 ved Bøvertonvatnet starta tysdag. Onsdag ettermiddag opnar vegen for trafikk.

Opnar onsdag: Statens vegvesen opnar fylkesveg 55 ved Bøvertonvatnet onsdag ettermiddag, etter at arbeidet med å rydde vegen etter raset er ferdig.   Foto: Politiet

Nyheiter

– Arbeidet med å rydde fylkesveg 55 har gått bra, seier Andreas Sande Lien, byggjeleiar drift Ottadalen i Statens vegvesen.

Han fortel at arbeidet med å rydde vegen etter raset den 14. september, starta tysdag, og at ein vil vere ferdig i løpet av dagen onsdag.