Promillekøyring og førarkortbeslag

Ein mann vart stoppa av politiet for promillekøyring og ein annan vart vist bort frå ein utestad i Lom laurdagsnatta.

Førarkortbeslag: Politiet i Ottadalen måtte ta han om ein person som oppførte seg ufint overfor andre gjestar larudagsnatta, og ein som køyrde i påverka tilstand.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Politiet melder på Twitter at ein person vart vist bort frå ein utestad i Lom laurdagsnatta.

Vedkommande, ein mann i 50-åra var rusa. Han hadde oppført seg ufint overfor andre gjestar.

Seinare på natta var ein mann i 30-åra stoppa for å ha køyrt bil i påverka tilstand. Politiet tok beslag på førarkortet til mannen, som blir meldt for køyringa.