Ung i Ottadalen

– Det er greitt med ein bytur, men godt å kome heim

Desi Fosstuen er ikkje glad i store folkemengder, men trivst godt i vesle Skjåk.

Skjåkjente: Desi Fosstuen tykkjer det vesle miljøet i Skjåk er godt og trygt. Ho er ikkje glad i store folkemengder.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Namn: Desi Fosstuen

Alder: 15 år

Klasse: 10. klasse på Skjåk barne- og ungdomsskule

Bustad: Nordberg

Forbilde: Bestemor

Hobby: Netflix og vener

Ser fram til: Å byrje på vidaregåande neste år

Kva er mest spennande med Skjåk?

– Naturen og det vesle miljøet der alle kjenner alle.

Kva manglar Skjåk?

– Det må vel vera ein sminkebutikk og ein klesbutikk for ungdom, slik at vi slepp å reise heilt til Otta for å handle.

Kva brukar du mest tid på?

– Eg er som oftast heime etter skuletid, og da ser eg ein del på filmar og seriar på Netflix. Akkurat nå er eg hekta på fengselsdokumentarar. Når eg ikkje ser på Netflix er eg saman med vener.

Kva vil du bli?

– Billakkerar. Det har eg hatt lyst til sidan slutten av 8. klasse. Da eg gjekk i 9. klasse hadde eg utplassering på Skjåk Bil. Der fekk eg vera med på lakkeringsarbeid. For å bli lakkerar må eg gå Teknikk og industriell produksjon (TIP) på vidaregåande på Otta.

Kva er det beste med å vera ung?

– At ein kan gjera nesten det ein vil. Men sjølvsagt finst det grenser for kva ein kan gjera.

Kva er det verste med å vera ung?

– At det finst grenser for kva ein kan gjera. Og til dømes at ein får faste tider frå foreldra om når ein skal vera heime att.

Kva engasjerer deg?

– Ulvedebatten. Det er ikkje så mykje ulv som ein skal ha det til, og eg tykkjer at ulven skal få leva på lik line som andre dyr.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?

– Eg les i hovudsak papiravis når eg er hjå bestefar. Men eg les ein del nettaviser. For at eg skal lesa meir papiraviser, tykkjer eg at det bør vera meir teikneseriar, og elles stoff som opptek oss som er unge.

Blir du verande i Skjåk?

– Det er store sjansar for det. Her er det ikkje så mykje folk, og det passar meg bra. Eg er ikkje så glad i store folkemengder. Det er greitt å ta ein bytur i blant, men da er det godt å vite at ein skal heim til ein mindre plass etter nokre dagar i byen.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg er ein del inne på Facebook. Om eg ser noko artig der, så taggar eg venene mine. Det er sjeldan eg legg ut noko sjølv. Det er berre når det er spesielle ting som betyr noko heilt spesielt for meg.

Kva gjer deg trist?

– Når katten min bli skadd.

Om du fekk vera ordførar ei veke, kva ville du gjere da?

– Da ville eg ha prøvd å innføre leksefri skule. Eg tykkjer det er keitt å sitje heime fleire timar om eftan og gjera lekser. Dette meiner eg er tid som eg heller kunne ha brukt på venene mine.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Skjåk?

– Det kan vera ein stussleg plass, men også ein utruleg fin plass. Det skjer ikkje så mykje her, og det kan vera både positivt og negativt. Eg trivst godt.


Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– Det er stor skilnad. Når foreldra mine var unge hadde dei ikkje slike telefonar som vi har nå, og foreldre klagar ofte på at vi yngre brukar for mykje tid på mobilen. Men da forsvarar eg meg med at dei vaksne hadde gjort akkurat det same om dei hadde hatt det same miljøet, og same tilgang på mobiltelefon som vi har nå.

Kva er din største draum?

– Eg har ingen spesielle draumar, men ynskjer å leva eit heilt vanleg liv. Jaja, det hadde vore fint med ein fin bil da ...

Kva vil du helst unngå å prate om?

– Eg kan prate om det meste, men unngår å prate om ting eg ikkje kan uttale meg om, altså ting og tema som eg ikkje har vore i nærleiken av.

Om du vann 1 million kroner. Kva ville du bruke pengane på?

– 750.000 av dei ville eg sett inn på sparekontoen min. Dei resterande 250.000 kronene ville eg ha brukt på utgifter til hybel og utdanning.

Tre ord om deg sjølv?

– Lat, irriterande og omsorgsfull.

Kva er det viktigaste i livet?

– Å leva som om kvar dag er den siste.