Fyller Operaen med det beste av norsk folkemusikk:

Desse skal spele i Operaen

I november blir Den Norske Opera fylt opp med det beste av norsk folkemusikk. Ottadalen er godt representert under Meisterkonserten i Oslo.

Gruppe: Den lokale folkemusikkgruppa Lendmenn skal spele under Meisterkonserten i Operaen i Oslo i november. Frå venstre: Bjørn Kåre Bråten Odde, Steinar Odde, Øyvind Sandum, Bjarne Odde og Mads Erik Odde. Dette bildet er frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Skjåk i sommar, der Lendmenn vart kåra til Noregs beste gamaldansgruppe.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Kvart år møtes utøvarar frå heile landet for å tevle i tradisjonell folkemusikk og -dans på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I løpet av intense sommardagar blir vinnarar i spel, dans og kveding kåra etter knivskarp tevling.