Steinras ved Bøvertonsvatnet

Fredag morgon gjekk det eit steinras på strekninga Rustadsæter – Bøverton i Bøverdalen.

Skummelt: Sterke krefter har vore i sving.  Foto: Politiet

Steinras.  Foto: Politiet

Nyheiter

Kjell Nyøygard frå Lom køyrde forbi området like før raset gjekk.

– Eg skulle oppi Dumdalen eit ærend, men det var regn og dårleg sikt og eit utriveleg vêr å køyre i. Derfor bestemde eg meg for å snu og køyre nedover att. Eg snudde ved Bøverton. Da hadde raset gått og eg kom ikkje vidare, fortel Kjell.

Han fekk litt «skjelven» da han såg dei store steinane og tenkte på at han køyrde forbi akkurat der raset gjekk berre få minutt føreåt.

Kjell Nøygard ringde politiet og varsla om hendinga klokka 10.05.

Seks-sju store steinar ligg i vegen. I tillegg har ein eller fleire steinar truleg hamna i vatnet.

– Eg tykte eg måtte inn i rasområdet for å forsikre meg om at det ikkje hadde reist bilar i raset, men det hadde det ikkje. Eg såg i alle fall ingenting. Oppi fjellsida ligg det att store steinar, større enn dei som reiste i raset, så det ser ikkje trygt ut, fortel Kjell.

Nå har han køyrt til Sognefjellshytta og ventar der. Han trur det er lite truleg at vegen blir opna att i dag.

Mesta drift Ottadalen er på veg til området.

Store steinar: Store steinar ligg i vegen.   Foto: Kjell Nyøygard