Må fjerne steinblokker

Statens vegvesen vil inspisere fjellsida over fylkesveg 55 frå helikopter. Helikopteret skal spyle ned nokre steinblokker som ligg utsett til over vegbanen i rasområdet.

Treng tid: Det er fare for nye ras, og vegen blir derfor ikkje opna att i dag, fredag.   Foto: Politiet

Nyheiter

Fredag morgon gjekk det eit steinras på strekninga Rustadsæter – Bøverton i Bøverdalen.

Seks-sju store steinar vart liggjande i vegen.

– Vi må vera sikre på at massane i fjellsida er stabile før ryddemannskap kan fjerne steinane som har kome ned, seier fungerande seksjonsleiar Marthe Tøsse Løvseth i Statens vegvesen.

– Når helikopteret får spylt ned steinane som ser ut til å kunne losne, kan Mesta starte med opprydding. Deretter må vi undersøkje og etterpå utbetre skadane på vegen.

Det er vanskeleg å seia kor lang tid det vil ta før fylkesveg 55 over Sognefjellet kan opnast att. Dagen i dag, fredag - og truleg laurdag - vil gå med til å inspisere og rydde vegen. Fyrst når dette er gjort, vil Statens vegvesen få oversikt over kor omfattande reparasjonen av vegen blir.



Steinras ved Bøvertonsvatnet

Fredag morgon gjekk det eit steinras på strekninga Rustadsæter – Bøverton i Bøverdalen.