Etter fleire «skjer i sjøen», ser dagleg leiar nå ljost på framtida:

Gler seg til å utvikle radioen

I løpet av oktober satsar dagleg leiar Vibeke Oddvik på at ho er på lufta med innhaldsrike lokalradiosendingar.

Lokalradio: Dagleg leiar i Ottadalsradioen, Vibeke Oddvik, ser fram til å kunne tilby innhaldsrike lokalradiosendingar frå radiostudio i Vågå.  Foto: Privat

Nyheiter

Det er nå fire månader sidan trønderdama Vibeke Oddvik tok over stillinga som dagleg leiar i Ottadalsradioen. Mykje av tida fram til nå har ho måtte bruke på tekniske utfordringar som har kosta mykje energi og pengar.