Bjørn tok sau i Lom

Rovviltkontakt Tor Erik Myhren er sikker på at det har vore bjørn på ferde i Visdalen.

Gokkerdalsmunningen: Alt tyder på at det er bjørn som har teke to søyer i Gokkerdalsmunningen i Lom.  Foto: norgeskart.no

Nyheiter

To daude søyer, den eine med avete jur, den andre med bakparten borte, vart funne i Gokkerdalsmunningen mot Visdalen onsdag.

Rovviltkontakt Tor Erik Myhren i SNO har vore og sett på dyra.

– Min konklusjon er at det er bjørn som har teke søyene, seier han.

Ein har ikkje peiling på kva retning bjørnen har teke.