Styret i Gudbrandsdal Lufthamn AS:

– Kvifor skal ikkje vi ha eigen flyplass?

Styret i Gudbrandsdal Lufthamn AS etterlyser engasjement frå politikarane i regionen. – Kvifor skal ikkje Nord-Gudbrandsdalen ha eigen flyplass, er eitt av spørsmåla som blir stilt. Vi har sendt det vidare til leiande politikarar i Vågå, Lom og Skjåk

Tolstadåsen: Engasjementet for å byggje ein flyplass på denne åsen er stor blant enkelte. Politikarane i regionen er meir dempa til planane.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Vi må bli tøffare med politikarane, dei må kunne seia kva dei meiner, sa styreleiar i Gudbrandsdal Lufthamn AS, Erling Lusæter, på eit informasjonsmøte førre veke. Det er rett og slett ufatteleg at politikarane ikkje grip fatt i eit felles viktig prosjekt som dette. Det blir heilt feil å berre prate om jernbane og veg. Det vil likevel aldri koma dobbeltspora bane til Otta, meiner Lusæter.