Fossmo innstilt som rådmann

Jan Egil Fossmo er innstilt til stillinga som rådmann i Vågå.

Rådmann: Jan Egil Fossmo er innstilt som rådmann i Vågå.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Stillinga som rådmann er ledig frå 1. oktober.

Rekrutteringsutvalet i kommunen gjorde vedtak om å gjennomføre ein open prosess der ingen søkjarar skulle bli unnateke offentlegheit. Med dette som grunnlag trekte fleire kandidatar seg.

Det var seks søkjarar til stillinga, alle menn. Eit samrøystes utval valde å kalle inn to kandidatar til intervju.


Seks søkjarar vil bli rådmann i Vågå

Seks menn har søkt stilinga som rådmann i Vågå kommune. Ein av søkjarane er kommunalsjef Jan Egil Fossmo.

 

Rekrutteringsutvalet har samrøystes innstilt Jan Egil Fossmo til stillinga som rådmann i Vågå.

Formannskapet og kommunestyret skal behandle tilsetjing av rådmann tysdag 18. september.