Vil ha ljos i alle glas

Vågå arbeidarparti meiner vedtaket om konsesjon på Aabakken bryt med den restriktive praksisen kommunen har hatt i forhold til bu- og driveplikt.

Aabakken: Både Vågå Arbeidarparti og Lalm arbeidarlag meiner vedtaket om konsesjon på Aabakken gjev feil signal til innbyggjarane i Vågå og ber om at saka går til kommunestyret.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning gjekk i møte den 31. august samrøystes inn for å gje Ola og May Helen Kvarberg konsesjon på kjøp av gardsbruket Aabakken i Nordherad. Ved avgjerda la utvalet vekt på at ervervet er ei driftsmessig tilfredsstillande løysing som vil styrke driftseininga Kvarberg.

I saksutgreiinga skreiv rådmannen at busetjing på landbrukseigedomar er viktig for å halde oppe grendene, og viste til at Vågå gjennom fleire tiår har arbeidd aktivt for slik bustjing.