Måltrio sikra siger mot Otta

Vågå sikra seg tre viktige poeng mot Otta tysdag kveld og leiar nå serien med to poeng mot erkerivalen Otta.

Scora: Aslak Grasdalsmoen, Martin Snerle og Trond Einstulen sikra sigeren mot Otta på Øya stadion tysdag kveld.  Foto: Heidi Strømstad

Nyheiter

AV HEIDI STRØMSTAD

Det vart ein spennande og jamn kamp på Øya stadion tysdag kveld.

Heimelaget Otta kunne gå  til pause med 1-0 leiing mot Vågå. Målscorar var Even Olstad.

Fem minutt ut i andre omgang utlikna Trond Einstulen til 1-1.

Kvarteret seinare la Martin Snerle på til 1-2 for Vågå.

Da det stod att fem minutt av kampen, fastsette Aslak Grasdalsmoen sluttresultatet med eit kjempeskot frå midten av bana som gjekk over forsvaret og målmannen til Otta.

Dermed kunne Vågå reise heim med 1-3 og tre viktige poeng i bagasjen.

Vågå toppar tabellen med 30 poeng. Otta ligg to poeng bak, med 28 poeng. Heidal ligg som nummer tre på tabellen med 24 poeng.

Det står att tre kampar av serien. Måndag 17. september kjem Dombås på besøk til Halland.

Vidare skal Vågå møte Ringebu/Fåvang, før siste kampen går på heimebane mot Øyer/Tretten.