Leitaksjon i Jotunheimen

Politiet og friviljuge har sidan midnatt leitt etter ei amerikansk kvinne ved Glitterheim i Jotunheimen.

Glitterheim: Ei kvinne vart seint måndag kveld meldt sakna da ho ikkje kom etter turfølgjet sitt til Glitterheim turisthytte.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Kvinna i 50-åra vart meldt sakna ved 23-tida måndag kveld.

Ho vart meldt sakna av to familiemedlemmar som gjekk i førevegen til Glitterheim. Da kvinna ikkje kom etter, vart ho meldt saka.

Det blir søkt med hundepatruljar frå politiet og mannskap frå friviljuge organisasjonar. Det har vore nytta helikopter i søket, men på grunn av veret har dette måtte snu.

– Vi har håp om å kunne ta opp att søket frå lufta utover morgonkvisten, opplyser operasjonsleiarr Bård Einar Hoft ved Innlandet politidistrikt til NRK Hedmark og Oppland.

Rett etter klokka seks tysdag morgon var det lett snødrev og noko tåke i området. Det er meldt at veret skal letne noko utover morgonen.