Stenger Ofossen bru i to månader

Stengt på grunn av omfattande vedlikehaldsarbeid.

Stengt: Ofossen bru i Skjåk blir stengt i to månader på grunn av vedlikehald.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er Skjåk kommune som melder om at Ofossen bru blir stengt frå 10. september til midten av november.

Grunnen til stenginga er omfattande vedlikehald av den gamle brua.

Støyping av nytt brudekke på båe bruspenn, utskifting av masse, asfaltering på land og på øya, forbetring av svingen innpå brua frå mølla, og skifting av rekkverk er blant det som skal gjerast dei neste månadane.