Nominert til Årets fotballtalent

Stortalentet Ingrid Sandviken (15) frå Lom IL er plukka ut som eitt av seks talent som kan bli kåra til Årets Fotballtalent.

Talent: 15 år gamle Ingrid Sandviken frå Lom IL blir sett på som eitt av Noregs aller største fotballtalent.   Foto: Jonas Veka Tretli

Nyheiter

Det er Norges fotballforbund, TV2 og Equinor Morgendagens Helter som står bak kåringa.

Tidlegare vinnarar av den prestisjefylte prisen er blant anna Martin Ødegaard og Mads Møller Dæhlie.

Ingrid er ein av seks nominerte frå både gute- og jentefotballen. I juryen sit Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Guldbrandsen. Det er desse tre, i samarbeid med Equinor Morgendagens Helter, som har nominert dei seks fotballtalenta.

– Det er stort å bli nominert. Det gjev ein ekstrem motivasjon til å trene hardt framover, slik at eg kan oppnå draumen om å spela på A-landslaget, seier Ingrid.

Talentet som vinn kåringa vil fyrst og fremst  få tittelen «Årets fotballtalent», men vil óg få ein draumedag med A-landslaget.

Årets fotballtalent skal kårast den 16. november, av fotballekspertane i TV2.