Legg ned Stiftinga G-Kultur - lyftar fram ungdomen i ein skrivekonkurranse:

Unge røyster får sjansen

Stiftinga G-Kultur, som vart oppretta i samband med avviklinga av Gudbrandsdalslaget i Oslo, går mot ei styrt avvikling i 2020. Det vil dei gjera med å gjeva unge røyster det «siste ordet».

16-30: Har du tankar og refleksjonar kring det å vera ung i dalen, om korleis framtida blir; har du lyst til å skrive? Nå kan du delta i ein stor skrivekonkurranse. illustrasjonsfoto 

Skrivekonkurranse: – Vi vil gjerne høyre dei unge røystene, og kva dei tenkjer om framtida, seier Kjell Austin i Stiftinga G-Kultur. Her er han saman med Magnhild Bruheim som skreiv boka «Da var laget godt å ha» - om Gudbrandsdalslaget i Oslo.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/arkiv

Nyheiter

Stiftinga inviterer alle unge i alderen 16-30 år, med tilknyting til Gudbrandsdalen, til ein skrivekonkurranse dei kallar «Unge røyster».

– Med «Unge røyster» ynskjer vi å stimulere eit felt som har vore lite synleggjort i verksemda vår så langt, sier Kjell Austin i Stiftinga G-Kultur. Vi håpar og trur at dette er eit initiativ som kommunane, biblioteka, det lokale kulturlivet og andre i Gudbrandsdalen vil sjå nytten i og bidra til.

Austin trur mange unge menneske går med ein liten «forfattar» i seg, og at dei gjerne vil bruke det skrivne ord til å uttrykke tankar, draumar og håp for eiga framtid og for det samfunnet dei skal leva framover.

– Dette er noko vi dagleg kan observere og erfare i aviser og på sosiale medium. Med «Unge røyster» kan vi forhåpentlegvis bidra til å lyfte fram slike draumar, og kanskje gjeva nokre unge menneske ei hjelp framover til ei mogleg framtid som forfattar eller journalist, eller anna verksemd der det skrivne ordet er ein viktig reidskap, seier Austin.

Er ein mellom 16 og 30 år, kan ein delta i konkurransen. Tema kan ein sjølv velja, men det skal vera knytt til det å vera ung i dagens samfunn og framtidas samfunn.

– Dette kan eksempelvis vere refleksjonar og draumar om identitet og tilhøyre, utdanning og arbeid, etnisk/kulturelt/språkleg mangfald, miljø og klima, fattigdom, migrasjon, med meir, heiter det i retningslinene for konkurransen.

– Vi ynskjer oss tekster frå ein ung ståstad som kan reflektere over korleis det er å leve i samfunnet i dag. Vi håpar på tekster som vekker kjensler, tekster som overraskar og tekster som gjer oss litt klokare, utdjupar Austin.

Ein kan velja å skrive eit essay, ein kronikk eller i diktform. Bidraga skal kunne publiserast i trykt form og på aktuelle heimesider, og inntil ti bidrag blir honorert med 10.000 kroner kvar. Vinnarbidraga skal etter planen publiserast i bokform i byrjinga av februar 2020.

Fristen for å koma med bridrag er 15. juni, og lansering av boka med vinnarbidraga vil skje på Det Norske Teatret i februar 2020.

Stiftinga G-Kultur vil koma med endeleg utlysing i november.