Dei trur på grønt reiseliv

Inga Gudrun Hyrve og Jostein Strøm har stor tru på grønt reiseliv.

Har gjort seg erfaringar: Inga Gudrun Hyrve og Jostein Strøm har drive campingen ein liten periode, og ser nå kva som må prioriterast av utbetringar og investeringar i tida framover.   Foto: Hans Erik Kjosbakken/arkiv

Nyheiter

Dei meiner det er på tide at det kjem ein campingplass med dette fokuset i vårt område.

Hyrve og Strøm har søkt Skjåk kommune om etablerarstipend for å starte opp Øya økocamp, tidlegare Storøya camping. Søkjarane meiner campingen vil vera eit nytt og godt tilskot til dei andre turistbedriftene i området, som dei ynskjer å samarbeide med. Rådmannen er positiv.