Mistanke om promillekøyring i Skjåk

To bilar har fått skadar etter eit biluhell. Den eine sjåføren er mistenkt for ruskøyring.
Nyheiter

Politiet melder laurdag kveld om eit mindre trafikkuhell mellom to bilar på riksveg 15 mellom Bismo og Pollfoss. Sjåførar og passasjerar skal ikkje vera skada, men det er materielle skadar.

Sjåføren av den eine bilen, ein mann i 20-åra, er mistenkt for å køyre i berusa tilstand. Det blir teke nødvendige prøver for å eventuelt fastslå dette.