To aksjonar på Besseggen

Det pågår to redningsaksjonar på Besseggen torsdag kveld.

Besseggen: Det pågår to redningskasjonar ved Besseggen torsdag kveld.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Den eine aksjonen går ut på å få ut fem personar som sit fast på Bandet ved Bessvatnet.

I den andre aksjonen blir det leita etter ei kvinne som skal ha kome bort frå turfylgjet sitt.

Vakthavande ved politiets operasjonssentral på Hamar fortel at det er sendt ut mannskap frå Røde Kors hjelpekorps.

– Mannskapa er sendt ut til fots. Vêret, med regn og lågt skydekke, hindrar ein å setja inn helikopter, opplyser ein på operasjonssentralen.