Ulykkesmarkering lagt til Skjåk

Ulykkesmarkeringa i Oppland 2018 blir arrangert i Skjåk.

Ulykkesmarkering: I januar arrangerer Oppland fylkeskommune ulykkesmarkering i Skjåk, til minne om dei som døyr i trafikkulykker i fylket.  Foto: Illustrasjon/ Arve Danielsen

Nyheiter

Oppland fylkeskommune ved Trafikksikkerhetsutvalget (FTU) arrangerer ei årleg ulykkesmarkering til minne om dei som døyr i trafikkulykker i Oppland.

Markeringa skal óg vera ei støtte for pårørande, trafikkskadde og yrkespersonell som til dagleg arbeider med trafikkulykker.

Denne veka vart det klart at ulykkesmarkeringa i 2018 blir arrangert i Skjåk kommune.

Markeringa blir gjennomført om ettermiddagen og kvelden tysdag 8. januar 2019. FTU-sekretariatet i Oppland opplyser at formell invitasjon med program vil kome på eit seinare tidspunkt.