Rønnaug på landslaget:

– Eg er ufatteleg glad

Rønnaug Sandviken frå Lom er teke ut på Noregs J15-landslag i fotball.

På landslaget: Rønnaug Sandviken frå Lom skal spela to kampar mot Sverige denne månaden – i landslagsdrakt.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Ho skal spela to landskampar mot Sverige den 21. og 23. september.

– Å koma på landslaget har vore draumen min i alle år. Eg hadde absolutt ikkje rekna med å bli teke ut, men eg hadde sjølvsagt eit håp. Å få denne beskjeden... Eg vart ufatteleg glad, strålar Rønnaug.

Ho gler seg til landskampane, men ho kvir seg litt òg. Ein må alltid prestere for å få vera med vidare.

– Men mest av alt gler eg meg. Eg har nådd eit mål, og så får eg gjera så godt eg kan.

Tvillingsyster til Rønnaug, Ingrid, er óg blant landets aller beste fotballspelarar i si klasse. Ho har vore skadd sidan mars, men er i ferd med å trene seg opp att.

– Det har vore keitt for Ingrid ei stund, det er vanskeleg å ikkje få trene. Heldigvis har ho vorte mykje betre den siste tida, fortel Rønnaug.