Skjåk på inkassotoppen

Skjåk har hatt høg vekst i antal personar med betalingsmerknader på stutt tid.

  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Ferske tal presentert av rekneskap- og inkassobyrået Lindorff syner at Skjåk har innteke inkassotoppen. Det er kredittinformasjonsselskapet Experian som har utført målingar og kome fram til desse tala.

Kommunene med prosentvis høyest vekst i antall personer med betalingsanmerkning, Q2-17 vs Q2-18

Kommune

Fylke

Q2-2017

Q2-2018

Vekst

Siden Q1-2018

1

Træna

Nordland

14

22

57,10 %

Opp fra 20

2

Røyrvik

Nord-Trøndelag

20

31

55 %

Opp fra 6

3

Solund

Sogn og Fjordane

19

28

47,40 %

Opp fra 14

4

Fosnes

Nord-Trøndelag

21

29

38,10 %

Opp fra 4

5

Sirdal

Vest-Agder

55

74

34,50 %

Opp fra 45

6

Snillfjord

Sør-Trøndelag

27

36

33,30 %

Opp fra 24

7

Hyllestad

Sogn og Fjordane

32

42

31,30 %

Opp fra 357

8

Lierne

Nord-Trøndelag

29

38

31 %

Opp fra 62

9

Bjerkreim

Rogaland

63

82

30,20 %

Ned fra 8

10

Skjåk

Oppland

65

84

29,20 %

Opp fra 188

11

Midsund

Møre og Romsdal

50

63

26 %

Opp fra 34

12

Gildeskål

Nordland

86

106

23 %

Opp fra 132


Ein har sett på den høgaste prosentvise veksten i antal personar med betalingsmerknad, og den høgaste prosentvise veksten i anmerka beløp.

- Dette er meint å vise eit augeblikksbilde, som eit varsel til kommunen. Utviklinga innanfor betalingsmerknader viser ikkje at folk har haldningar som gjer at dei er dårlege betalarar. Utviklinga viser at det på generell basis er rammevilkår i kommunen som gjer at mange har låg betalingsevne, meiner administrerande direktør Siv Hjellegjerde Martinsen i Lindorff i ei pressemelding.

– Skjåk er eit eksempel på ein kommune med høg vekst i antal personar med betalingsmerknad i løpet av kort tid. Så seint som for tre månader sidan låg kommunen på ein 188. plass nasjonalt. Nå er kommunen blant dei 12 med høgast antal personar med betalingsmerknad, heiter det i pressemeldinga frå Lindorff.

Hjellegjerde Martinsen seier ho ikkje kjenner til dei lokale årsakane til desse markante aukene.