Ope møte om flyplassplanane

Onsdag kveld inviterer styret i Gudbrandsdal Lufthavn til det fyrste av vekentlege møter på Vågå Hotel.

Møte: Styret i Gudbrandsdal Lufthavn startar opp med vekentlege møter framover på Vågå hotel. Onsdag skal styreleiar Erling Lusæter (i kvit skjorte) orientere om arbeidet med marknadsanalysen.   Foto: Vigdis Kroken/arkiv

Nyheiter

Styret i Gudbrandsdal Lufthavn startar onsdag opp ein ny vekentleg tradisjon på Vågå hotel.

På gruppa «Ja til flyplass i Vågå» på Facebook, skriv dei at kvar onsdag framover kan vener av flyplass og eventuelt skeptikarar møtest for å diskutere og bli orientert om ståstad og utvikling av saka.

Onsdag 5. september vil styreleiar Erling Lusæter orientere om marknadsanalysen ein har byrja å arbeide med.

–  Kva analysa skal innehelde og korleis ho blir laga finn du ut onsdag. Dette kan være eit vendepunkt for saka, skriv dei.

Ungdomspolitikar Torstein Bjørgen i Unge Høgre, oppfordrar politikarar til å stille på møta.