Klart for Norges største fjellfilmfestival

Den nye norske storfilmen «Skjelvet» er eitt av høgdepunkta under Fjellfilmfestivalen som blir arrangert på Gjendesheim til helga. Festivalen trekkjer tusen deltakarar til fjells.

Film under stjernehimmelen: Årets Fjellfilmfestival på Gjendesheim byr på to 42 filmar i løpet av helga. Høgdepunkta er førpremieren av «Arctic» og storfilmen  «Skjelvet».  Foto: Eivind Haugstad Kleiven

Nyheiter

Til helga blir  Fjellfilmfestivalen arrangert for 16. gong i Jotunheimen. Festivalen starta på Turtagrø i 2003, men vart i 2012 flytta til Gjendesheim.

Fjellfilmfestivalen er den største av sitt slag i Norge, og fjelltur, teltliv, film og føredrag trekkjer tusen personar til fjells. DNT er medarrangør av Fjellfilm, saman med Fri Flyt.

– Vi gler oss til å ta imot fjellfolket til den 16. utgåva av Fjellfilmfestivalen. Kombinasjonen av friluftsopplevingar og film i friluft er så godt som uslåeleg. Vêrmeldinga ser grei ut også, så vi kryssar fingrane for opphaldsvêr og trur på ei strålande helg i haustfjellet, seier festivalsjef Maritha Bjørnbeth.  

42 filmar skal rulle over lerretet i løpet av helga. Eitt høgdepunkt er førpremiera på «Arctic», ein film som handlar om å strande i Arktis og kampen for å overleve.

– Vi er stolte av å ha «Arctic» som opningsfilm og spesielt at det er i fjellheimen, på Fjellfilmfestivalen, at den blir vist for fyrste gong i Noreg, seier Bjørnbeth.  

Ein ekte norsk storfilm høyrer også med på Fjellfilm. Laurdag kveld blir oppfølgjaren til «Bølgen», «Skjelvet», vist under stjernehimmelen. «Skjelvet» er den største norske katastrofefilmen nokon gong og har hausta lovord frå kritikarane.  

  Den norske dokumentaren «Dronning uten land» er seld til heile verda og tek for seg den dramatiske effekten klimaendringane har på isbjørnens økosystem på Svalbard. Kinoversjonen blir for fyrste gong i Norge på Fjellfilm.  

–  Målet til Fjellfilm er å inspirere til å drive eit aktivt friluftsliv, samt vekkje engasjement rundt miljø, natur og berekraft. Vi håpar og trur at årets program både vil engasjere, underhalde og bidra til at ein reflekterer rundt sin eigen og vårt felles forhold til og bruk av naturen, seier Bjørnbeth. 

I år som i fjor blir det sett opp ei fiksebod for friluftsklede og -utstyr i regi av DNT ung. Her kan alle som vil ta med turutstyr som trenger litt omsorg

–  Nordmenn elskar tur, men vi elskar også å kjøpe nytt utstyr. Du kan velje å kjøpe brukt, men viktigast av alt er at ein fiksar utstyret om det har fått ei rift eller liknande. Vi håper fikseboden får fleire til å gjenbruke meir, seier leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten. 

Fjellfilmfestivalen er langt meir enn film. Årets dagtilbod spenner frå kart og kompasskurs, til multisport, morgonyoga på SUP-brett, til singeltur og turmatkurs. I tillegg blir det arrangert fleire guida toppturar.

– Fjorårets nykomling, den guida turen «fem 2000-meterstoppr», er aktiviteten det har vore mest rift om, også i år. Breturen til Surtningsue og matlagingskurs er også populære. Vi har heilt klart Norges sprekaste festivaldeltakarar, avsluttar festivalsjef Maritha Bjørnbeth.

Som ein del av samarbeidsprosjektet med Vågå kommune, skal elevar frå åttandeklasse frå ungdomsskulen denne veka få ein smakebit av Fjellfilmfestivalen med aktivitetar, film og overnatting før sjølve festivalen startar.