– Fjern skiltet straks

Reklameskiltet for Vinmonopolet på varehuset Koopen i Lom er ikkje godkjent. Skiltet må fjernast «straks».

Skilt: Vinmonopolet flytta nyleg inn på varehuset Koopen. Skiltet som allereie er oppe, må truleg takast ned att.   Foto: Lom kommune

Nyheiter

Det skriv Lom kommune i eit brev til Nordplan AS. I brevet kjem det fram at kommunen har motteke søknad om å få setja opp skiltet, men at saka ikkje er politisk behandla.