Søkjer etter nye drivarar av Bokhandel’n

Tor Andvord og eigarane av «Uteliv Vågåmo» gjer fleire endringar i haust. Søkjer etter nye drivarar av Bokhandel’ n kafe, nye drivarar av Klubben, Pizzabakeren blir flytta til Otta og endring av driftskonseptet på Landhandleriet.

Store endringar: Tor Andvord, Elisabeth Braaten Resseth og Kristiane S. Hermansen søkjer etter nye drivarar av Bokhandel' kafe. Endringar blir det også på Klubben, Pizzabakaren og Landhandleriet.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Vi ynskjer å informere om at vi nå gjer endringar i forhold til drifta av våre stader i Vågåmo. Vi har drive større og større i fleire år,  men nå ynskjer vi litt rolegare dagar og har derfor tatt ein del val, skriv eigarane av Uteliv Vågåmo, Kristiane S. Hermansen, Elisabeth Braaten Resseth og Tor Andvord i ein epost måndag kveld.