Inviterer til inspirerande og matnyttige dagar

– Kom og bli inspirert, lokkar Arne Brimi. Kokken, bonden og reiselivet inviterer til konferanse i Lom i november.

Håpar mange kjem: Med stor begeistring inviterer arrangementskomiteen til konferansen «Kokken, bonden og reiselivet» i Lom i november. Frå venstre står Iren Nystuen frå Sparebank 1 Lom og Skjåk, Tor Ivar Furuset frå Lemonsjø fjellstue, bonde Ragnhild Sjurgard, kokk Arne Brimi, Unni Strand frå Sparebank 1 Lom og Skjåk, Kristin Lonbakken frå Sparebank 1 Lom og Skjåk, Erland Husom frå Nasjonalparkriket reiseliv, Bjørg Aaseng Vole frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken og Mari Wedum frå Visit Jotunheimen. Ivar Lorentzen frå regionkontoret var ikkje til stades.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Reiselivet er avhengig av gode kokkar, kokkane er avhengig av gode råvarer. Alt heng saman, sa Bjørg Aaseng Vole ved Opplæringskontoret Brimi-Kjøken da programmet for årets konferanse vart presentert måndag.