Dagsenteret for heimebuande demente i Sjårdalen

Fekk nytt drivhus i gåve

Dagsenteret for heimebuande demente i Sjårdalen fekk i sommar eit drivhus i gåve av Vågå demensforening.

Drivhus: – Drivhuset er gull verd for oss, seier Bodil Sagsletten. Her har ho teke plass i drivhuset saman med Ragnar Olderløkken og Tove Kleiven Sagdalen. Bak står Inger Sæta, Eldri Vetleseter Visdal og Kai Valbjør frå Vågå demensforening.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Vågå Demensforening får med jamne mellomrom pengegåver i samband med bursdagsfeiring og frå gravferd. Vi ynskjer at pårørande og dei som gjev pengegåva skal sjå at pengane blir brukt til noko konkret, seier Inger Kari Sæta demensforeininga.