Vekas jubilant

Dei to systrene i Skjåk fyller 2 og 5 år.

  Foto: Privat

Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er systrene Mariell Sofi Madeleine. Dei bur på Jevnheim i Skjåk og fekk felles gratulasjon i avisa av mamma og pappa.

Mariell Sofi fylte 2 år den 31. august, og Madeleine fyller 5 år i dag, den 2. september.

Gratulerer med dagen til systrene Jevnheim. Ei overrasking kjem i posten éin av dei fyrste dagane.