UNG I OTTADALEN:

– Eg ynskjer ridehall i Lom

Om Anne Kjørren (14) fekk vera ordførar i Lom ei veke, ville ho ha realisert draumen om ridehall. Ho ville ha løyvd pengar, og sett i gang bygginga snarast.

Veit kva ho vil bli: – Om ti år trur eg at eg driv som hovslagar her i Lom. Kanskje har eg også teke over garden heime, seier Anne Kjørren.  Foto: Tom Erik Solstad

Draumen min er å bli hovslagar

Anne Kjørren
Nyheiter

Namn: Anne Kjørren
Alder: 14 år
Klasse: 9. klasse på Lom ungdomsskule
Bustad: Lom
Hobby: Hest
Ser fram til: Å ta over garden heime, om ikkje syster hennar gjer det

Kva er mest spennande med Lom?

– At det er så mange turmoglegheiter her, og at eg kan ri nesten over alt. Eg har to hestar, og treng ikkje å reise langt for å ri ein tur.