Tidlause barnedikt - for både barn og vaksne:

Lansering av fengande Bruheim-bok

Vennelaget Jan-Magnus Bruheim har gjeve ut bok, og har allereie selt mange eksemplar. Fredag var det boklansering på Skjåk barne- og ungdomsskule.
Nyheiter

Skjåkforfattaren Jan-Magnus Bruheim gav ut nærare 40 bøker gjennom om lag like mange år, der mesteparten var lyrikk- og barnebøker.

Den heilt ferske boka «Trollguten og andre dikt», er ei bok med dikt i utval av den kjende lokale diktaren. Det er Vennelaget Jan-Magnus Bruheim, i samarbeid med Det Norske Samlaget, som har gjeve ut diktsamlinga.