– Denne undersøkinga er heilt anonym, og vi håpar på bra svarprosent, seier Mona Sveen.

Ho er folkehelsekoordinator i Vågå kommune, som er blant 25 kommunar i fylket som er representert i den store folkehelseundersøkinga som blir gjennomført i september.

Alle kommunane i Oppland, bortsett frå Lunner, er med på undersøkinga. I kvar av kommunane vil 1.000 tilfeldig utvalde få eit spørjeskjema i posten, om faktorar som er avgjerande for folkehelsa.

Førre store folkehelse- og levekårsundersøking i Oppland vart gjennomført i 2014. Da svara 8.000 opplendingar på viktige spørsmål om folkehelsa. Data frå undersøkinga har vorte brukt som grunnlag til planstrategiar og planar, både på fylkes- og kommunenivå.

Folkehelsekoordinator Mona Sveen håpar på stor oppslutnad kring årets undersøking.

– Når det gjeld Vågå var det dårleg svarprosent da undersøkinga vart gjennomført for fire år sidan. Difor håpar eg på at fleire svarar denne gongen, slik at resultatet blir meir representativt, seier Sveen.

Østlandsforskning er ansvarleg for datainnsamlinga og analysen av undersøkinga. I spørjeskjemaet er det spørsmål om trivsel, livskvalitet, tilhøyrsle, livsstil, nærmiljø, arbeids-, bu- og utdanningsmoglegheiter, og andre faktorar som er viktige for folkehelsa.

– Eg har full forståing for at det kan vera keitt med slike store undersøkingar, men sidan kommunane tek med seg resultatet i det daglege arbeidet for å planlegge og forbetre ting innan dei ulike tenesteområda, er det viktig at vi får så mange svar som mogleg, slik at det blir mest mogleg representativt, seier Mona Sveen.

Ho ber dei som deltek i undersøkinga om å fortelje kvar skoa trykkjer.

– Korleis har du det eigentleg som innbyggjar? Kva er bra, og kva kan bli betre? Dette er eit fint høve til å kome med attendemeldingar til kommunen sin, seier folkehelsekoordinatoren.

Siste frist for å svare på folkehelse- og levekårsundersøkinga er 30. september. Om ein ikkje ynskjer å svare på papir og sende inn per post, er det mogleg å svare på undersøkinga på internett.