Kunstutstilling i Sognefjellshytta

Akvarellkunstnar Inger Kristin Gorseth stiller ut verka sine langs Nasjonal turistveg Sognefjellet.

Kunstutstilling: Akvarellkunstnar Inger Kristin Gorseth og Sognefjellshyttas eigar og vert Råmund Mundhjeld framfor eitt av kunstverka i Sognefjellet si storstove.   Foto: Per Ritzler

Nyheiter

Kunstutstillinga går føre seg i «Sognefjellets storstove»; det nye tilbygget som knyter Sognefjellshytta sine to huskroppar saman. Eigar og vert på hytta, Råmund Mundhjeld, er svært nøgd med utstillinga.

– Arkitekturen her er kunst i seg sjølv, på den måten fell det seg heilt naturleg med ei kunstutstilling her inne. Folk set pris på bilda og kosar seg, fortel Mundhjeld, som ikkje utelukkar fleire kunstutstillingar.

Det er akvarellkunstnar Inger Kristin Gorseth frå Oppdal som står bak utstillinga. Som friluftsmenneske året rundt, hentar ho gjerne motiva sine frå naturen, og da helst motiv av fjell og dyr.

Utstillinga er open fram til 9. september.