Inspirerande Vinjekveld med Nordstoga

I år er det 200 år sidan forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Dette vart markert i Marlo grendehus fredag kveld, der årets Diktardagar vart opna.

Vinjekveld: Artisten Aasmund Nordstoga og musikar Åsmund Reistad innfridde i Marlo grendehus fredag kveld, der Diktardagar arrangerte Vinjekveld i samband med at det er 200 år sidan diktaren vart fødd.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Arrangørane av Diktardagar bestemde seg for at dei ville markere 200-årsjubileet med ein eigen Vinjekveld. Denne vart gjennomført i Marlo grendehus fredag kveld, der det vart konsert med sambygdingen Aasmund Nordstoga, som bur på garden der Vinje vaks opp.