Vinmonopolet er opna

Det «nye» Vinmonopolet i Lom vart offisielt opna torsdag føremiddag.

Klipte snora: Kristin Kolden Brandsar, ordførar Bjarne Eiolf Holø og Ranveig Stamstad syrgde for den offisielle opninga av Vinmonopolet på Koopen.   Foto: Visit Jotunheimen

Nyheiter

Den nye butikken på varehuset Koopen er på 144 kvadratmeter, som er nesten det dobbelte av butikken på Flækøybygget, der Vinmonopolet var før.

Det var ordførar Bjarne Eiolf Holø som klipte snora og erklærte det «nye» Vinmonopolet i Lom for offisielt opna.

– Eg vil ynskje både tilsette og «polfararar» lykke til og velkomne til polekspedisjon, spøkte ordføraren, som sa seg glad for at Vinmonopolet valde å etablere minipol i Lom for ti år sidan.