Det blir ny Lomsfest

Lomsfesten vart arrangert for fyrste gong i fjor. I haust blir det ny Lomsfest.

Lomsfest: Åshild M. Amundsen, Ola Rossehaug, Monika Øyen og Mari Arnøygard Wedum er fulle av gode idear til Lomsfesten i haust. Trond Haakensen-Byre, som òg er i arrangørstaben, var ikkje til stades da bildet vart teke.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Det kom mykje folk på fjorårets arrangement. Vi vart skikkeleg positivt overraska, sjølv om vi var positive i utgangspunktet, seier Ola Rossehaug, og ler godt av si eiga formulering.

Årets Lomsfest skal gå føre seg frå 18. til 21. oktober. Målet er å lage noko triveleg for lomværane, rett og slett – og skape liv og røre i ei tid der fjellhyttene har stengt, turistane har reist heim og haustmørket har senka seg.

Årets Lomsfest startar torsdag kveld, med «Haustkveld under Lomseggen». Deretter vil det gå slag i slag. Det er ikkje så mykje som er programfesta så langt, men initiativtakarane røpar litt av det som er bestemt: Strikkekafè med quiz, familiedag på fjellsenteret, aksjon for norsk bygg i regi av bygdekvinnelaget, Bergomshistorie i regi av Nordal og Fossberg, pannekakefest for ungar i regi av Smak i Lom, konsertar, fest, messe, yoga, drive-in-kino for både barn og vaksne, dokkesjukehus og isbading.

– Det blir mykje fokus på lokale aktørar og lokal mat og smakar. Vi har så vidt starta med planlegginga, men allereie nå har det meldt seg folk som vil vera med. Alle er hjarteleg velkomne. Har du noko å selja, ta kontakt! Har du forslag til aktivitetar, ta kontakt! oppmodar Åshild M. Amundsen, Ola Rossehaug, Monika Øyen og Mari Arnøygard Wedum.