Brubakken skal bli trygg

Arbeidet med å betre trafikktryggleiken i Brubakken i Lom er godt i gang.

Trafikktryggleik: Nå skal det bli tryggare for barnehageungar, skuleelevar og andre som ferdast i området i og rundt Brubakken.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Trafikktilhøve og sikring av mjuke trafikantar i Brubakken har vore eit tema i fleire år. Brubakken er tilkomstveg både til Loar barnehage og Loar skule, og det har vore fleire nestenulykker i området mellom bilar og gåande.

Brubakken skal bli einvegskøyrt oppover - og det skal setjast i stand gangveg på høgre side, heilt opp til fylkesvegen. Prosjektet skal etter planen gjerast ferdig i 2019.

– I løpet av 2018 skal ein koma opp til barnehagen, resten av vegstubben skal fullførast i 2019, fortel Terje Hoel, teknisk sjef i Lom kommune.

Heile prosjektet har ein kostnad på om lag 5 millionar kroner. Mesteparten av finansieringa er det Lom kommune som står for, med litt «sponsing» frå Oppland fylkeskommune.

Det er Oddmund Fjeld AS og Reidar Andersbakken AS som er entreprenørane for prosjektet.